Velkomen til Lyse Idèar

Lyse Idèar er ei kreativ handtverksbedrift som er lidenskapeleg opptatt av å laga ei unik stemning, ro og stil med handlaga belysning og interiør unikt tilpassa kvar enkelt kunde.

«Eit uthus, gjerde, låve, sandkasse eller kanskje ein benk.«

Alt dette er liv materialane kan ha levd før dei kjem hit og vert fødd på ny.
Her nyttast autentisk gamalt materiale som har vorte farga av vér og vind over mange år. Det gjev eit heilt unikt visuelt uttrykk som bugnar over av sjel og historie.

Eit uttrykk som berre lar seg laga av naturen sjølv.

Med venleg helsing

Oddvar Myro
Skapar og entusiast

produkt

Om meg

Gjennom 10 års erfaring som ansvarleg elektromontør på store hytte- og boligprosjekt i Hallingdal har eg hatt eit tett samarbeid med lysdesignarar og arkitektar, og har utvikla ein stor lidenskap og tilegna meg mykje kunnskap om lyssetting.
Som lysdesigner elskar eg å syne folk kor mykje ein kan gjere med belysning og er opptatt av å laga ei lun og behageleg stemning. Min signatur er å lyse opp veggareal framfor å plassere belysning midt i taket og eg ønskjer helst å unngå blendande lys i gangsoner eller dei stadene du oppheldt deg.
Det skal vere stemningsfullt, men óg funksjonelt.

Bak meg har eg óg eit liv med snekring og fleire års erfaring som prosjektleiar hjå ein stor lokal bolig- og hytteleverandør med totalansvar i driftsfasen, der eg lærte mykje om byggteori.

Lyse Idéar vart etablert 28.04.2017 og har vore fulltidsjobb sidan 1. Januar 2020. Både bedrifta og underteikna er under dagleg utvikling og du kan lese meir om alt eg no kan tilby vidare nedover.

Tenester

Sit du sjølv med ein lys idé? Då er eg rett mann å spørja.

I tillegg til produksjon og restaurering av lamper lagar eg kjøkken- og baderomsinnreiing,
kommoder, senger, skåp, hyller og seksjonar, rammer, korger, bord, benkar og mykje meir på bestilling.
Har du eit lite snekkeroppdrag i same slengen så kan eg hjelpe deg med det óg.

  • Lyssetting hytte

Prosjekt

Her kan du lese meir om nokre av dei større prosjekta eg har utført med handlaga og unikt tilpassa interiør, innreiing og belysning.

Kontakt

Legg gjerne att telefonnummer og nokre stikkord om kva du er ute etter, så tek eg kontakt med deg og kjem gjedne på ei gratis befaring for å kartleggje behov og løysingar saman.

Handlekurv