Belysning - fleire av modellane finn du og i nettbutikken
Her nyttast autentisk gamalt materiale som har vorte farga av vér og vind over mange år.
Det gjev lampene eit heilt unikt visuelt uttrykk som bugnar over av sjel og historie.

Vegglampe

Produsert på bestilling frå kunde. 

Vegglampe

Denne serien vert produsert av materialar frå ei gamal sandkasse. Gjenbruk er flott!

Pendellampe

Denne serien vert produsert av materialar frå ei gamal sandkasse. Gjenbruk er flott!

Lyssetting av båthus.

Langt inni fjellet ligg det to uvanleg flotte "båthus" som eg var så heldig og bli bedt om å belyse. Eg fekk nokre gamle materialar frå dei opprinnelege bygga og leverte lyskuber, indirekte ledstripe skjult av gamal materiale, takrammer og nokre spotskinner. 

 

Bordlampe av treski

Spesiallaga bordlampe etter ynskje frå kunde. 

Pendellampe

Her med spesial-gjæring i hjørnene.

Kubelamper

Indirekte, behagelege og stemningsfulle vegglamper.

Rektangulære, store kubelamper

Spilependlar

Bord- og golvlampe i kryss-serien

Opprinneleg spesiallaga serie for kunde. 

Stjernelamper

Desse gjev stemning på mørke vinterdagar.

Stor takramme

Kan med hell brukast i rom med stor takhøgde, til eksempel over spisebord. Med holet i midten lyser den opp både tak og rom.

Stor takramme

Både nyttig og dekorativt på same tid.

Takramme i murpuss

Taklampe med overflata dekt av murpuss på bestilling frå kunde for å samspele med betonggulv og murpeis. Denne modellen kan leverast med alle slags overflater og gjer svært god rombelysning samtidig som den skapar ei unik stemning.