Det er sikkert mange som sit i ei gamal og mørk hytte og drøymer om tilkobling til straumnett og lysare tider, men med dagens straumbesparande produkt er moglegheitane der og for deg med 12volt anlegg.
Det har vore ei stor utvikling av 12v-produkt dei seinare åra så no fer ein vanlege dimmarar, varmtlysande lyskilder til eit hav av forskjellige soklar og til og med filamentlyspærer som er vakre å sjå på.
Der belastninga før med ei enkelt lampe med halogenpære fort kunne dreie seg om 30-40 Watt (effekt) og 2,5-3,3 Ampere (straumforbruk) kan ein no til eksempel velje ledpærer på kun 3W og 0,25A!
Med dette kan hytter kun forsynt av 12Volt også belysast som moderne nye hytter!
Spilependlane gjev eit særeiget og røft uttrykk samstundes som dei ikkje stjel for mykje fokus. Når ein veljer å nytte desse over eit bord er det viktig å ikkje konkurrere med utsikta, så dette er viktig å tenkje på når ein skal velje riktig høgde. Spilene gjev eit flott spel mellom lys og skugge når det vert mørkt i rommet, men har og nok effekt til å gje godt arbeidslys når det trengs.
Lyse Idéar v/Oddvar Myro.
Orgnr. 918 921 222
Nordbygdvegen 1611, 3570 Ål
+47 950 70 405/post@lyseidear.no