Innreiingsløysingar


Her er det berre kreativiteten som set grenser!
På biletet er det synt eit eksempel på ein plassbygd hylleseksjon med integrerte lysrammer. Eg kan óg mellom anna laga kjøkken- og baderoms- innreiing, kommoder, senger, skåp, rammer, korger, bord, benkar og mykje meir på bestilling.
Løysingane vert tilpassa kvart enkelt tilfelle og ynskje, ta kontakt for dialog og eit godt tilbod.






Reparasjonar


Ofte vert gamle lamper øydelagd mellom anna som følge av å ha vore utsatt for varmgang over tid ved bruk av halogen-lyspærer. Då kan den reparerast ved å trekke om ledningar og montere nye lyspæresoklar, for så å gå over til led-pærer som sikrar trygg bruk i mangfoldige år framover. Ta kontakt om du har ei lampe som treng litt kjærleik og omhu. 

Prosjekt/innreiingsarbeid


Eg er svært strukturert, nøye og har stor gjennomføringskraft. Med min bakgrunn som elektromontør, prosjektleiar og sjølvlært snikkar på livets skule kan eg tilby prosjektleiing og det meste av utførande arbeid på ditt prosjekt. Eg kan halde orden på budsjett og der det er nødvendig koordinere ekstern arbeidskraft, slik at du slepp å tenkje på dette.

Ofte har ein meir enn nok å drive med i det daglege, både private og bedrifter, slik at spanande og lyse idéar aldri vert iverksatt.
Eg vil derimot kunne hjelpe deg i gang med mitt engasjement, pågangsmot og mi tverrfaglege kompetanse. Om du trur eg er rett mann så legg at ein beskjed her så kontaktar eg deg for ein uforpliktande prat. 

Spesiallaga lamper


Eksempel på spesiallaga taklampe etter kundes ynskje. Om du har sett ei lampe du ikkje fer tak i, sit klar med ein draum eller kanskje du har ingen annan tanke enn at her må det vere lys - då er Lyse Idèar den rette for å hjelpe!
I slike tilfelle vil me starte ein dialog med ei befaring eller evt. bilete av rommet oversendt for å finne ut belysningsbehov og stil. Deretter lagar eg ei skisse med pristilbod før produksjon iverksettast. Slike spesialprosjekt kan leverast både med- og utan montering. 

Om du synast det vert for mykje styr med epost kan du berre fyll ut adresse og telefonnummer i skjemaet under, så vil heller eg ta kontakt med deg. 





Prosjektering


Ved å oversende planteikningar kan eg tilby prosjektering av komplett belysningsanlegg med teikningar som viser nøyaktig plassering av punkt klart for elektromontør, inndeling av lyssoner og forslag av produkt. Eg kan og foreslå løysingar og oppsett for smart lysstyring og tilby programmering av Eaton X-comfort.
Under fana "Belysning" kan du sjå bilete frå eit spanande prosjekt der eg lyssatte eit særeiget båthus forsynt med 12 volt-anlegg. 

Lyslenker

Er du og lei mørke krokar på låven? I så tilfelle lagar eg lyslenker som er ein enkel og effektiv måte for å lyse opp garasje, låvar, lagerbygg m.m.
Kan og brukast som stemningsfullt og effektivt utelys. Tilpassas kvart enkelt tilfelle og ynskje, ta kontakt for dialog og eit godt tilbod.